Dei 10 superheltene

Til opplevelsesøkonomi

SweetSpot

Fire egenskaper i ein kropp! Estetikk, eskapisme, underhaldande og utviklende. Lytt til alle fire, og sørg for at dei er til stades i opplevelsen alle sammen. Fyrst då er det ei oppleving! Me likar å kalle dei for SmørAuga. Midt i smørauga er der dei beste opplevingane skjer.

Sanze

Sanze er følsom. Ho har nyanser og likar harmoni. Det skal være samspel og samtidighet. Sanze brukar kreftene sine til å vekke alle dei fem sansene våre. Nokon gonger lite, andre gonger meir. Men, alle fem må være der. Det sørger Sanze for!

Regiane

Den strengeste av dei alle sammen. Superhelten Regiane har kontroll på alt som skjer, kvifor det skjer, når det skjer og for kven dette skjer!

Ho sørger for riktig tempo, stigning i programmet og har alltid eit signaturøyeblikk på lur. Følg hennes instrukser, og det vil gå deg vel!

Forteljaren

Det var ei gong eit ord, forteljarkunst. Forteljarkunst er Forteljaren si superkraft. Formidling, fortelling eller StoryTelling som jo nokon yndar å kalle det. Superkreftene til Forteljaren handlar fyrst om å skape forventning, så spenning og alltid med heilhetleg resultat. Erfaring og øving er dei hemmelige triksa i bokji til Forteljaren.

Folke

Kva i alle verden er det Folke driv med? Vel, han kan alt om alle. Folke studerar folket, og har innsikt og kunnskap om Kva det er folk vil ha når dei skal på tur, feire eller rett og slett gjere noko anna enn å jobbe. Folke har svart belte i livsstilsegmentering og interesser hjå ulike folk. Folke er ein smart superhelt. Smart for deg, og smart for seg.

Blix

Ingen annen superhelt har så mange blikk som Blix. Han ser det meste, og ser han det ikkje med ei gong, byttar han briller og ser ei gong til. Han justerer posisjon, og flytter seg for å få oversikt, innsikt heilt ned på den minste detalj. Blix er lillebror til Detaljo. Dei kan nesten like ting, men Blix er eksperten på det totale bildet. Blix drøymte om å bli kunstner, og har derfor veldig sansen for det estetiske.

Contrazt

Gode snille, skumle Contrazt. Ho er virkelig delt. Ho har to sider, men er samtidig ein og samme superhelt. Ho kan alt om forskjeller, ulikheter og det å skape annerledeshet i ei oppleving. Contrazt er utruleg viktig å lytte til, uansett kva for ein av sidene hennar du høyrer.

Detaljo

Detaljo liknar på djevelen seier du? Vel. Detaljo liknar kanskje, men har er snill som dagen er lang. Superhelten Detaljo er heilt opphengt i dei små tinga. Dei tinga som er små, men som gjer den store forskjellen. Detaljo er utruleg nøye, og gir seg ikkje før alt henger sammen med alt. Han er konstant konsistent i alt han gjer. Det er derfor han er superthelt!

Balanze

Meiningsfull kvardag og meiningsfull fest. Balanze er så å si alltid der ho ynskjer å være. Ho balanserer mellom det trygge kjente, og det nye og ukjente. Superhelten Balanze lærer deg kva som er viktig for at opplevingar skal kunne skape meining. Den viktigste egenskapen hennar er at ho kun jobbar med dei 10 bærekraftprinsippa, og alt det som det medfører.

Autenzia

Kjæreste, Autenzia. Den trygge gode superhelten, som egentlig berre vil at alt skal oppfattes slik som det er. Ho likar ikkje falsk, uekte eller usannheter. Ho kan alle triksa i bokji, for at opplevingar skal opplevast som det dei er meint som. Men! Det er Autenzia som ofte gjer endringar og tek fram dei råaste triksa i bokji, slik at nesten alt ho er med på oppleveles som ekte.