Om Pål & Høve Støtt

Inspirasjon og opplevelsesutvikling

Pål K. Medhus

Pål K. Medhus bur på garden han har vakse opp på. Han er utruleg glad i bygda, og kommunen sin. Kokkeutdanna frå tidleg 90-tall, med læretid hjå Berit og Frode på Restaurant Hallingstuene på Geilo. Ein ambisiøs og talentfull kokk, ein av dei som ein merker seg som heilt spesiell, har Frode Aga sagt. Vel. 21 år gamal var han i alle fall kjøkkensjef på Gammelbua på Reine, og var der i 2 år. Ja, faktisk var Pål den fyrste i Norge som sette tørrfisk på menyen i ein restaurant. Det sier noko om kva Pål er opptatt av. Identitet, egenart, kulturarv og ikkje minst; formidling av dei gode historiene.

Høve Støtt AS

Kvar skal me starte? Jo, altså. Høve Støtt har sidan 2004 fylt Geilo med innhald. Som utviklar av arrangement, gjennomførar av utallige påfunn og krumspring. Reiselivsprisen frå Innovasjon Norge er eit bevis på kvaliteten i selskapet. Høve Støtt var nominert i både 2009 og i 2011, og i 2011 vann Høve Støtt dette gjeve trofeet. Denne prisen kan ein vinne berre ein gong. Høve Støtt har fått oppmerksomheit på mange arenaer. Viktigst av alt er at Høve Støtt har fått lov til å begeistre folk i alle desse åra me har drivi på.

Høve Støtt AS er ein miljøsertifisert opplevelsesprodusent som tilbyr det komplette utval av aktivitetar på Geilo. Høve Støtt samarbeidar nemleg med dei beste i klassen, der me sjølv ikkje kan levere. Så, om du vil isbade, klatre, køyre på ski eller nyte mat i unike omgjevnader, ja då fiksar me det! Me er det firmaet som tørr der andre kanskje stoppar … Med lokal forankring og eit sterkt fokus på den ekte gleda ved å gjere noko saman, lære noko og oppleve nye ting, skreddersyr me ditt spesielle arrangement. Høve Støtt gjer kva som helst, kvar som helst, når som helst. Og når det kjem til sjølve saumen, skreddersaumen, ja, då er me heilt i egen klasse. Prøv, så forstår du kva me meiner!