Påfyll

Kurs og arbeidsøkter

Påfyll betyr at me legger opp til litt meir tid, litt djupare og litt meir bredde i emnene. Litt fordi emnene fortener det, og dels fordi det er so mykje Pål har på hjarta på dei ulike områda. Sett av godt med tid, og snakk med uss om korleis me på best mogleg måte kan gjennomføre dette, for alles beste. Desse tilboda krev minimum ein heil dag.

Opplevelsesøkonomi

Kva er egentlig Opplevelsesøkonomi? Opplevelsesøkonomi er forretningsutvikling, ein ny måte å selge på; kommunikasjon og ei praktisk tilnærming til innovasjonsprosesser. Kurset er ei innføring, like mykje som ein grundig gjennomgang, av kva du og DI bedrift kan nytte deg av. Dette kurset er basert på dei grunnleggande teoriane rundt opplevelsesøkonomi fra Pine & Gilmore, Opplevelsespyramiden fra LEO Finland, samt erfaringar fra kursholder Pål K. Medhus som i 2016 blei hedra som 1 av 10 pionerer innan opplevelsesutvikling i Norge. Materialet og teoriane er til ei kvar tid oppdatert, og tek med seg alle nye trendar og teoriar. Det er mykje frå opplevelsesøkonomien du kan nytte deg av. Overraskande mykje vil nok mange seie …

Pris: På forespørsel.

Opplevelseskurset

Det er Innovasjon Norge som tilbyr dette kurset, i samarbeid med Høve Støtt as. Bedriftene som deltar på kurset lærer ein ny og inspirerande måte å jobbe med innovasjon og produktutvikling på, der også prinsippa for eit bærekraftig reiseliv er ein del av utviklingsprosessane. Kursa har ei praktisk tilnærming og eit innovasjons- og næringsutviklingsperspektiv. Kurset er basert på dei grunnleggande teoriane rundt opplevelsesøkonomi fra Pine & Gilmore, dei 10 prinsippa for bærekraftig reiselivsutvikling, Opplevelsespyramiden fra LEO Finland, samt erfaringar fra kurshaldarar, deriblant Pål K. Medhus som i 2016 blei hedra som 1 av 10 pionerar innan opplevelsesutvikling i Norge.

Pris: På forespørsel.

Vertskap kan være so mangt

Pål K. Medhus har gjennom sitt 30 årige yrkesliv jobba med alle deler av reiselivet. Kommunikasjon og formidling er sentralt i heile yrkeskarrieren, heilt frå han begynte som kokk på ope kjøkken på 1980-tallet til han i dag reiser rundt på oppdrag, for blant andre Innovasjon Norge, for å inspirere til å produktutvikle og kommunisere på en opplevelsersbasert måte. Formidling av vertskapsrolla er Pål K. Medhus sin spesialitet, og gjennom prosessar og gode arbeidsteknikkar får deltakarane lære korleis ein i praksis kan utøve ei vertskapsrolle. I bedrifter, i nettverk, ja, i heile småsamfunn har det vorte jobba med identitet og stoltheit, kunnskap og forteljarkunst.

Høve Støtt og Pål har også gjennom sine ulike virkeområde vist at vertskapsrolla kan bo i kvar enkelt lille detalj i ei bedrift.

Pris: På forespørsel.

Formidling er ein kunst!

Formidling er Pål K. Medhus sin spesialitet, og gjennom prosessar og gode arbeidsteknikker får deltakarar på denne seansen lære korleis ein i praksis kan utøve, bli betre og meistre formidling i ulike roller og situasjonar.

Pris: På forespørsel.

Bærekraft i di bedrift

Her får du ei forløysande praktisk tilnærming til omgrepet bærekraft! Pål er ein praktikar og har jobba med alle dei ti bærekraftprinsippa i mange bedrifter, i det ganske land i snart 15 år. Han utfordrar deg og di bedrift til å ta tak! Gjere noko. Slutte å prate om bærekraft, men heller gjere det ein kan der ein er. Og alle dei ti prinsippa er like viktige å jobbe med på likt, like mykje. Desse prosessane har endra mang ei haldning til, og mang ei bedrifts tilnærming til, BÆREKRAFT i praksis!

Pris: På forespørsel.

Pin It on Pinterest