For flokken

SAMARBEID I FRISK LUFT

Innanfor alt av trygge rammer, lovar og reglar til ei kvar tid. Me veit kor viktig det er å møtes, og me trur at det er lenge mellom kvar gong ein gjer motivert utviklingsarbeid i bedrifter. Her er seks gode og vel gjennomarbeide varianter for deg og flokken din!

Dølaleik

Dølaleik på fjellet, eller Dølaleik på kontoret? Vel, det er opp til deg. Det som er heilt sikkert er at dette konseptet, som vart skapa på slutten av 90-tallet, er like brennande og engasjerande den dag i dag. Enkle, folkelege, praktiske, trygge og morsomme øvelser der folk lærer, ler og utfordrast. Så enkelt, så genialt. Blir skreddersydd» etter storleik og motivasjon, og ikkje minst målsetting i flokken.

Pris: 595,- NOK pr person.

Fotojakten

Å vere sosial og kreativ i små grupper, DET er morsomt det! Fotojakten utfordrer på samarbeid, kreativitet, kommunikasjon og problemløysing. Ute i frisk luft, med det gode gamle Polaroidkameraet som einaste tekniske hjelpemiddel. Jepp! Polaroidkamera med film! Fotojakten er tilbake, mine damer og herrer! Gled deg!

Pris: 550,- NOK per person

Fjellsprell

Litt meir trøkk i pedalen på Fjellsprell. Det inkluderer ofte eitt eller fleire element av spenning og fart. Sykkelløype, wirebane, hinderløype, stafettar eller noko me finn ut av i lag. Her kan ein risikere å bli sveitt i luggen. Litt i alle fall. Fjellsprellblir skreddarsydd i samarbeid med andre profesjonelle lokale aktørar på Geilo.

Pris: 695,- NOK pr person.

Yst & Tyst

Bli med oss inn i ei ny verd av smaksopplevingar, der 2 av dei eldste mat- og drikketradisjonane får nytt liv; Ost og øl pares opp, i 5 nye smaksopplevingar du neppe har smakt tidlegare, og som du heilt sikkert ynskjer å smake att! Opplevinga Yst & Tyst er der handverk møter handverk, og gir deg ei heilt ny innsikt i både ostane og ølet.

Pris: 495,- NOK pr person.

Under Skorpa

Tar du sjansen på å smake nye ostar? I Ostebygda har me stor tru på at du vil digge smakane, historiane og heile pakka me serverer her i konseptet «Under Skorpa». 90 minutter med ostesmaking, gode historier og gode vener i lag!

Pris: 395,- NOK pr person.

Turfølge

Turane me tilbyr er til støler i området med mykje historie. Desse er lett framkomelege turmål. Du bestemmer lengde og vanskegrad i samråd med uss. Heile poenget med å ha med ein frå uss på tur er lokalkunnskapen om områda me rusler i.

Pris på forespørsel.