Inspirasjon

Foredrag & slikt…

Desse fire foredraga er meint som korte, treffende, inspirerende og muntre innspel i, på ein konferanse eller som ein del av eit større program. Varigheten er sett til maksimum 45 minutter, men kan også kortast inn utan at det går utover innhaldet eller budskapet!

Bygdedyret

Pål sine betraktinger og fyrstehandskjennskap til fenomenet BYGDEDYR har allerede inspirert mange. Denne seansen er til ettertanke, og med mål om at fleire viser omtanke. Å tenke gjennom kva ein gjer og sier, er jo ofte tankevekkende.

Varighet 30-45 minutter
Pris: 15.000,- NOK

Entusiasmens pris

Dette er også tittelen på boka som Pål er godt i gang med å skrive. Rett og slett i pur formidlingstrang, har han lyst til å sette fokus på at det å engasjere seg og det å være ukuelig entusiast har ein pris. Utgangspunktet for tittelen er at Pål var gjennom ei heftig reise som inkluderte det å døy litt … før han bestemte seg for å skape ein 2.0-versjon av seg sjølv, fordi han fekk livet i gåve. Ein sjeldan sjanse til å endre og forbedre. Kva skjedde då med entusiasmen?

Varighet 30-45 minutter
Pris: 18.000,- NOK

Det å være ein gründer

Med eit målretta blikk og ei ærleg og direkte framføring. Korleis har det vøri å vere gründer i ei lita bygd? Kva meiner Pål med å seie at han den eine dagen vart peika på og kalla han rare i bunaden, til å neste dag bli hylla som ein ekte gründer? Foredraget er tiltenkt folk i utviklingsmodus, med endringsvilje og skapertrang.

Varighet 30-45 minutter
Pris: 18.000,- NOK

Skapelsesprosessen

Kan ein skape forretning av kva som helst? Fins det dårlege idear, eller kan alle grå steinar bli til skimrande gull? Pål har jobba med utviklingsarbeid i bedrifter i heile sin karriere, og er blant anna ein av få i Skandinavia som er sertifisert fra Pine & Gilmore i USA. Sjølv kallar han seg opplevelsesutviklar, og utgangspunktet hans er at alle bedrifter i einkvar type bransje har mykje å hente ved å forstå skapelsesprosessen, frå råvare til transformasjon.

Varighet 30-45 minutter
Pris: 18.000,- NOK