Skreddersaum

til eit kvart høve

Skreddersaum

Det er stadig ulike spørsmål om kva det er som gjer Pål unik. Kvifor skal du og di bedrift bruke pengar på ein slik karakter som han? Vel. At han skreddersyr til kvart enkelt høve, og at han har evner til å formidle, inspirere og motivere, nesten uansett, kan vere litt av svaret.

Pål har over 30 års erfaring frå denne bransjen og har stort sett vøri med på det du kan tenkje deg av arrangement og påfunn. Tidleg og seint, vinter som sumar. Aleine eller i lag med andre.

Gje Pål ei utfordring, så gir han seg ikkje før den er løyst og levert!