Gründer og offervilje

Gründer og offervilje

by | feb 2, 2022 | Ukategorisert

Gründer og offervilje

Mange spør meg om kva det eg har måttet ofre på min veg som gründer. Eg har ikkje vørte tvinga til å ofre noko, men det har blitt ofra. Mykje. Ikkje tå fri vilje, men meir som ein konsekvens.

Eit av dei store prosjekta eg har lagt FOR mykje i er Icemusicfestival. I alle fall om du spør dei som har hatt kontroll på økonomien i selskapet eg eig. Dei seks fyrste åra var Høve Støtt as einaste juridiske ansvarshavende for dette arrangementet. Økonomien var vanskeleg å få på beina, og det fyrste året i 2006 gjekk me fleire hundre tusen kroner i underskudd. Det andre året passerte me ein halv million i underskudd. Totalt brukte Høve Støtt 1.2 millioner kroner på å få festivalen til å skje og overleve. Desse pengene måtte eg jo få inn att, og det klarte me. Heldigvis. Ja, ellers hadde jo Høve Støtt as gått konkurs som ein konsekvens. Icemusicfestival er dessuten støtta med timer, ressurser og maskiner for mange hundretusen kroner som ikkje er med i dette reknestykket.

Kvifor lot eg dette skje? Korleis kunne eg la dette skje, år etter år? Jo, nettopp. Fordi eg har ei stor offervilje! Me var på dette tidspunktet to personer i Høve Støtt som dreiv og utvikla selskapet sammen. Og me var enige. Dette, altså Icemusicfestival, var noko verden trengte…ville ha! Me hadde journalister frå totalt 31 ulike land i den perioden eg hadde ansvaret for festivalen. Uten at nokon kanskje har tenkte gjennom verdein av desse besøka, og dei mange hundre artiklene som har stått der ute. Det me i alle fall fekk att, var vener for livet. Du verden so takknemleg eg er for vennskapet med alle dei hundrevis av personer som var involvert i mi tid. Det er belønninga si det!

Etter seks år med forsøk på å prøve å bygge opp ein av verdens mest unike festivaler, så overtok Visit Geilo prosjektansvaret. Då vart mykje og mangt bedre. Frå 2012 var eg turistsjef og kunne framleis sjå festivalen utvikle seg. Festivalen er no (og har vøri det dei siste åra) i regi av ein ny organisasjon, med ny lokasjon og med ny økonomi.

Årets Icemusicfestival arrangeres på Bergsjøstølen, og eg håper og trur det kjem mange betalende gjester og at det blir ein stor suksess. Eg unner verkeleg dette arrangementet suksess, sunn økonomi og den oppmerksomheten den fortener. Møt opp og kom deg på festival!